Hjem  /  Utforsk  /  Naturverdiar  /  Fjell

Stølsheimen

Stølsheimen landskapsvernområde ligg i Voss, Vaksdal og Modalen kommunar i Hordaland, Høyanger og Vik kommunar i Sogn og Fjordane. Det vart oppretta 21. desember 1990 og strekkjer seg over 373 km2

Landskapsvernområdet
 
"Føremålet med vern av Stølsheimen er å ta vare på eit særmerkt og vakkert vestlandsk fjell- og fjordlandskap med kulturminne, kulturlandskap og naturmiljø som er lite påverka av tekniske inngrep, samstundes som området skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske.
 
Stølsheimen omfattar eit kupert fjellandskap, og grensar ned mot eit dramatisk fjordlandskap i nord. Innafor verneområdet ligg Finnafjorden som er ein av dei få attverande veglause fjordarmane i fylket.
 
Stølsheimen er eit viktig utfartsområde, særleg for folk i Hordaland og Bergensområdet. Fjellheimen er variert og mange stølar karakteriserer dette fjellområdet. Det er utarbeidd ein registreringsrapport over alle stølane innan landskapsvernområdet. Landskapsvernområdet omfattar i dag ei kjerne av Stølsheimen som er relativt lite påverka av kraftutbygging, medan randområda er sterkt prega av vassdragsregulering.
 
Stølsdrifta

Stølsheimen har, som andre fjellområder, i lang tid vært nytta som ein del av næringsgrunnlaget for bygdene omkring. I nesten alle daler og botner, finnes støler og stølstufter frå den gang landbruket tok i bruk dei frodige fjellbeita for å kunne fø dyra gjennom sommeren. Berre innafor landskapsvernområdet ligg over 40 stølar. Sjølv om stølsdriften nå er historie, er det aktivt landbruk i områder, med kyr og sau på beite. Sommar og haust vert ein del av selene brukt i forbindelse med fritid.

Landskapet

Mange større og mindre vatn i eit småkupert terreng med breie dalar preger dei indre delane av Stølsheimen. Så snart vi er over kanten etter oppstigninga frå fjordane, eller oppe frå dalene i sør, åpner landet seg. Det skifter mellom vide myrområde, forseinkningar med slyngande elver og frodige smådalar og snaufjell i eit litt uryddig mønster. Det tar litt tid å orientere seg i forhold til dei nesten tallause småelvane og bekkjene og deira stryk og fossar. Ikkje sjelden må vi opp med kartet for å finne ut om vatnet renn til Sognefjorden eller Eksingedalen.

Terrenget endrer seg fra vest mot øst. Det er vilt og snørikt ut mot fjordane, og den noko sure gneisen med sitt sparsomme planteliv framhevar landskapet sin skrinnhet. Her er det vanligvis mykje snø, så det er eit fint skiterreng, særlig for vårskiløping, og ofte er det godt klisterføre ut juni i denne delen av Stølsheimen.

Øst- og sørover er terrenget mer avdempa, med breie dalgangar og mindre krevjande terreng, både sommar og vinter. Hist og her ligg det nokon meir markante toppar som gjev stort utsyn sommarstid, eller lange utforrenn på vinterføre.           

Geologien i Stølsheimen er i store trekk nokså enkel. I vest er vesentlig gneis av variabel samansetning, stort sett hard og sur, men det er og store område med båndgneis, med linser av mjuke og mineralrike bergartar. I øst dominerer fyllitt og amfibolitt, begge er mjuke bergarter som forvitrar lett og gjev eit rikt jordsmonn. Det er denne geologiske profilen som gjør deler av Stølsheimen så frodig, og svært tiltrekkjande som beiteområde. 

Et par kilometer nordøst for Selhamarhytta ligger Gryteberget, ein gammal lokalitet for kleberstein. Steinen er grønngrå og består av mjuke magnesiumsilikater. Det som gjorde den ytterst ettertrakta, var at den lett lot seg skjære i og forme, men og at den var ildfast.

Kleberstein kom i bruk til gryter allereie i bronsealderen, og det fins tallrike brudd over heile landet. Vi veit ikkje når forekomsten ved Selhamar vart oppdaga, men det vert sagt at stein fra bruddet her inne og er brukt i Voss kyrkje, som vart bygd kring 1200. Når grytene skulle lagast, var det vanlig først å skjære til formen utvendig, før ein begynte med uthulinga. Fleire halvveis utskårne gryter står ennå fast i fjellet ved Gryteberget og gir et godt inntrykk av virksomheten. Alle fornminner i Norge er freda, det gjeld og klebersteinsbruddet her inne i Stølsheimen.

Raudberget like nordøst for Selhamarhytta er særprega både ved si raudfarge og sitt manglande planteliv. Heile fjellet består av serpentin, ein magnesiumhaldig bergart. Navnet kjem av latin serpentinus (slangelignende), på grunn av det flekkete utseendet, det vil sei som eit slangeskinn. I Raudberget inneheldt serpentinen nesten 40 % magnesiumoksid, dessuten 6 % jernoksid. Ved forvitring går jernoksidet over til rust, og det er det som har gitt fjellet den karakteristiske raudfargen.

Det høge innhaldet av magnesium virker som gift på de fleste blomsterplanter, moser og lav, og fjellet er derfor nesten bart og uten vegetasjon. Ein av dei plantane som tåler å leve på serpentin, er fjelltjæreblomsten. Andre metalltolerante arter er fjellarve, småsyre, tuearve og grønnburkne. Den siste er ein liten, beskjeden bregne som klorer seg fast i tynne sprekker i fjellet og som er svært vanlig i Raudberget, slik som på alle andre norske forekomster av serpentin. Stedvis er fjellet dekket av fiolstein, en merkelig såkalt luftalge som gir steinene en vakker, rødlig-oransje farge. Andre steder der det er rikelig med sigevatn, blir fjellet heilt svart av blågrønnalgar.

Fjelltjæreblomsten, Viscera alpina, (viscera = seig, viskøs, henspeiler på tjæreblomsten sin klisterbelagte stengel, alpina = som lever i fjellet) er den av våre blomsterplanter som har høgast metalltoleranse. Den er vanlig overalt i fjellet, men det blir gjerne mykje av den på serpentin og kisholdige bergarter. Her er det liten eller ingen konkurranse frå andre arter, som ikkje tåler jordsmonnet, og fjelltjæreblomsten får rikelig anledning til å spreie seg. Det er altså ikkje slik at arten må ha kobber eller magnesium, det er bare snakk om eit konkurransefortrinn.

De bratte overgangene fra fjell til fjord og dal i Stølsheimen gjer at vi i løpet av ein dag kan passere nesten samtlige av Vestlandet sine vegetasjonstyper. I liene frå Sognefjorden og opp mot fjellet er det frodige edellauvskogarr, med lind, ask, alm og hassel og vakre tepper av kvitveis om våren. Litt lenger oppe i lia blir sommeren for kort for die nemnte varmekjære trea, og bjørka overtar, med innslag av osp, rogn og hegg. Det er denne skogstypen som i heile området dannar skoggrensa på omkring 700 meter. Høgare oppe overtar vierbeltet, og så kjem den meir typiske alpine sona over det igjen.

Voss tamreinlag kjøpte i si tid rein og satte dei ut i fjellet nord for Voss. Resultatet vart heller dårlig. Etter ei tid vart laget oppløyst og reinen overlatt til seg sjølv. I dag er det derfor villrein i Stølsheimen, og stammen vert halde på ca. 600 dyr for å hindre overbeiting. Det vanligste større pattedyret i Stølsheimen er hjorten. Den er imidlertid sky og gøymer seg godt i skogen, slik at vi må fare varleg fram i skumringen eller ved daggry for å sjå dyret. Det er helst brunstgroper og øydelagte tre, der hanndyra har feid horna, som fortel at her er det hjort. Dyrelivet for øvrig er som i de fleste fjellstrøk, bortsett fra at ingen av våre fire store rovdyr har vist seg her inne på over hundre år. 

Bergen Turlag og Voss Utferdslag har eit svært godt nett av sjølvbetjente hytter i Stølsheimen-området. Avstandane er til dels korte, noko som gjer området godt eigna for familier med born. Atkomsten er lett, enten ein starter i aust frå Vikafjellet/Voss, eller frå dal- og fjordstrøka i vest. For mange vil det være naturlig å starte på Vikafjellet, for å sleppe den første store oppstiginga. Herfra er det lett å gå til Selhamarhytta, og så er det nesten bare utfor ned til Voss, for den som berre ønskjer seg ein helgetur.

Stølsheimen, Bergen Turlag, 12 siders hefte, 1998

Monsen, K.Ø.: Turar i Modalen og Stølsheimen, fra slott til støl, Modalen kommune 1999

Brendehaug E. (red.): Vestafjells, Bergen Turlag 1990

Aase, T. R. (red.): Stølsheimen, Eide Forlag 2003

 

Ryvarden, Leif. (2016, 6. april). Stølsheimen Landskapsvernområde. I Store norske leksikon. Hentet 8. september 2016 fra https://snl.no/St%C3%B8lsheimen_landskapsvernomr%C3%A5de.