Hjem  /  Prosjekt  /  Klimabonden

Klimabonden

- Klimaklokt landbruk på Vestlandet

Det våte klimaet kombinert med mykje myrjord har alltid gjort at det er krevjande å vere vestlandsbonde. Klimaendringar med meir ekstremver og nedbør i vekstsesongen har gjort det endå vansklegare. Fleire bønder klarar likevel å lukkast sjølv i uår med mykje ekstremver. Gjennom film vert det vist praktiske tips og erfaringar, samt nokre av tiltaka desse bøndene gjer for å møte eit stadig skiftande vestlandsklima.

Filmane er publisert på www.youtube.com / kanal:
Nordhordland UNESCO Biosfære! 

Foto: Laila Bjørge

Lise og jord

Bakgrunn
Landbrukskontor og rådgjevingstenesta føler ofte at ein manglar verktøy for å formidla kunnskap til bøndene på ein enkel og effektiv måte. Klimatilpassing er eit stort og vidt begrep, og ein trenger praktiske døme for å vise kva dette vil seie. For å nå målet, er det planlagt å formidle dei erfaringsbaserte tiltaka gjennom videosnuttar der ein syner bønder som gjer dette i praksis. Gjennom video kan ein tydeleg få vist både korleis og kvifor ein bør gjere ting på andre måtar for å tilpassa seg endringane i klimaet. Ved å ta i bruk sosiale media og video, kan erfaringsbasert kunnskap frå bønder gjerast tilgjengeleg for andre bønder.

Praktiske klimatiltak
Prosjektet "Praktiske klimatiltak i landbruket i Meland" handlar om klimatilpasning basert på lokale tilhøve. Gjennom prosjektet ønskjer ein å samle erfaringar frå aktive bønder og forsking for å finna praktiske tiltak som har overføringsverdi til andre bønder i kommunen og regionen. Dette har ein gjort via "Klimabonden", ein rekke småfilmar der Klimabonden viser korleis dette kan gjerast i praksis og kva som er lurt å vere bevisste på. Målet er å dele erfaringane og dei praktiske tiltaka på ein lett tilgjengeleg måte til inspirasjon og lærdom for andre.

Prosjektet starta opp hausten 2018 og skal etter planen jobbast med fram til desember 2019. I løpet av prosjektperioden vil forvaltninga, bønder og rådgjevingstenesta gå saman og kartlegge gode klimatiltak for landbruket og formidle desse gjennom videosnuttar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Meland kommune, Bønder i Meland, Norsk Lanbruksrådgiving Vest og Nordhordland UNESCO Biosfære, i tillegg til støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Hordaland fylkeskommune.

Snurr film!Samlebilde fra Bondekino
Tysdag 5. november 2019 vart det arrangert Bondekino for bønder i Region Nordhordland. Her vart alle filmane som er laga til no vist, samt ein smaktitt på ein kortfilm som kjem. Om lag 50 deltakarar var til stade på Dampen, der dyktige landbruksrådgjevar Maya Riise var vert. Laila Bjørge, prosjektleiar og landbrukssjef i Meland kommune, innleia om bakgrunn for prosjektet og resultata så langt. Rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest, Lise N. Austrheim, holdt foredrag om agronomi og viste kortfilmane om jordstruktur.

Tips til tema?
Det er planlagt å lage fleire kortfilmar om berekraftige klimatilpassningstiltak i landbruket. Har du eller nokon du kjenner tips til tema, send innspela til Maya Riise: maya.riise@lindas.kommune.no. 

Kontaktperson for prosjektet er Laila Bjørge, landbrukssjef i Alver kommune: laila.bjorge@alver.kommune.no.
​Foto: Lise N. Austrheim / Tonje Husum Aarland

 

Sjå fullversjon av interaktiv brosjyre her!