Hjem  /  Utforsk  /  Næringsliv
Mongstad by night

Eit sterkt og nytenkande næringsliv

Nordhordland er ein industriregion og oljeeventyret har skapt mange arbeidsplassar og stor verdiskaping for oss. Både på Mongstad og i Øygarden var det gode hamnetilhøve, og plasseringa langs kysten med kort veg til installasjonane, som gjorde staden veleigna for etablering innan oljeindustrien. Dette har vore navet for utviklinga av distriktet vårt og er i dag sentral for industrivekst og teknologiutvikling.

Vi har eit sterkt næringsliv i regionen med høg kompetanse og evne til nytenking, innovasjon og produktutvikling. Historia har vist at nordhordlendingen tenkjer langsiktig og visjonert. Vi har tradisjon for samarbeid på tvers av verksemder og kommunegrenser, til gagn for heile regionen. No, når det er nedgang for oljeindustrien, ser vi at verksemder her har ei offensiv haldning til omstilling og vidareutvikling. Uttrykket 'det grøne skiftet' er i alle sitt vokabular og berekraftig utvikling er høgt oppe på agendaen i verksemdene i regionen. Her finst kompetansen, viljen og evna til ny sats!

Korleis skal statusen 'UNESCO Biosfæreområde' tilføre noko til næringslivet?
Når ein søkjer om å bli det første biosfæreområdet i Norge, er ein viktig del av dette arbeidet å få tydelegare fram regionen sin identitet. Vi skal bruke statusen til å bygge merkevaren Nordhordland og sette regionen vår på kartet. Biosfærestatusen vil knyte forskarmiljø og næringslivet tettare saman og inspirere til ny næringsutvikling og berekraftig tenking.
Vi skal også bidra til å vere ein arena for betre kontakt mellom næringslivet og innbyggjarane.