Om Nordhordland biosfæreområde

Spørsmål og svar

1.   Kva er det som gjer at Nordhordland fyller UNESCO sine krav til eit biosfæreområde?
Eit viktig krav UNESCO set, er at eit biosfæreområde skal innehalde ein mosaikk av ulike økologiske system som er representative for større geografiske regioner. UNESCO poengterar at det er viktig å vise korleis menneska i desse områda lever og nyttar ressursane. Nordhordland står solid som ein representant for den ressurssterke Vestlandskysten, og i internasjonal samanheng som eit demonstrasjonsområde for det moderne Norge. Naturen er kontrastrik med kysten beskytta av ein brei skjergard, store og små fjordar og vidare gjennom dal- og skoglandskapet opp til høge fjell. Nordhordland er godt forankra i ein kultur med røter langt tilbake i historia; og med eit næringsliv som spenner over alt frå tradisjonelt jordbruk og fiske til moderne industri, olje, energi og akvakultur. Nordhordland representerar dei ressursane som regionen og landet forøvrig må fortvalte på ein berekraftig måte, som forutan menneska som bur her, er:

  • natur
  • vatn
  • fisk
  • petroleum (olje / gass)

 

2.   Kva omfattar Nordhordland UNESCO Biosfæreområde?
Biosfæreområdet strekkjer seg frå havet i vest, gjennom kyst- og fjordlandskapet til toppen av Stølsheimen 1300 m.o.h. og deretter ned til Sognefjorden. Området har ei befolkning på ca. 55 000 menneske og har eit areal på omlag 6 700 km2. Biosfæreområdet omfattar kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal og Øygarden. I tillegg er delar av Vik, Voss, Høyanger, Askøy og Bergen inkludert.

UNESCO_Kart_Side21_OversiktKommuner_800x499.png

 

3.   Kvifor sette ein i gang arbeidet med å få Nordhordland utnemnd til eit UNESCO Biosfæreområde?
Ein såg mange moglegheiter for korleis regionen kan nytte ein slik status. Arbeidet vart først og framst sett i gang for at Nordhordland skal vere ein tydeleg region som tek ansvar for berekraftig utvikling og legg til rette for eit godt liv i regionen for kommande generasjonar. Eit biosfæreområde er også eit område for forsking og utvikling. Nordhordland skal trekkje til seg forskingsmiljø og leggje vekt kunnskapsdreven utvikling.

 

4.   Kven står bak denne satsinga?
Arbeidet med å få utnemnd Nordhordland som eit UNesco Biosfæreområde er formelt sett eit samarbeid mellom kommunane i Nordhordland gjennom Regionrådet og Universitetet i Bergen. Nordhordland Utviklingsselskap IKS leiar prosjektet. Det vart først utarbeida ein forstudie som viste korleis Nordhordland kan utviklast til eit biosfæreområde og korleis regionen fyller krava som er sett til ein slik status. Hovudsøknaden, som er skriven etter UNESCO sin mal for slike søknader, kan du lese om her

 

5.   Når blir det klart om det blir eit biosfæreområde i Nordhordland?
Målsetting er at Nordhordland vert etablert som Norge sitt første modellområde for bærekraftig utvikling, utnemnd av UNESCO som eit Biosfæreområde. Søknadsarbeidet vart satt i gang hausten 2013. Vinteren 2015 vart  søknaden – ein forstudie -  om å få bli biosfærekandidat sendt  til Den Norske UNESCO komiteen. Nordhordland fekk status som Norge sin første kandidat til å bli eit UNESCO biosfæreområde desember 2016. Hovudsøknaden er skrive lokalt og skal handsamast i Norge i 2018. 30. september 2018 skal Norge sende søknaden vidare til UNESCO i Paris. Denne skal handsamast av regjeringa, så først hausten 2018 kan søknaden gå til UNESCO. Vi ventar at saka kan handsamast hos UNESCO våren 2019,og avgjerast på det årlege møtet til den internasjonale forsamlinga (ICC) som har møte i juni 2019. OPPDATERING: Og no er det klart: Nordhordland vart utnemnd som eit UNESCO Biosfæreområde 19. juni 2019.

 

6.   Korleis skal ein jobbe i eit biosfæreområde?

Det er ulik organisering i biosfæreområda frå land til land, og vi vil bruke året 2019 til å finne ut korleis ein skal jobbe i Nordhordland biosfæreområde.Det er planlagt ein strategiprosess med brei involvering for å lage ein plan som skal slå fast, mål, strategiar og tiltak. I eit biosfæreområde skal det vere eit 'biosfærekontor', ein eller fleire biosfærekoordinatorar og ein robust organisasjon som skal kunne virke når eit biosfæreområde vert godkjent. 'Biosfærekontoret' skal vere navet for biosfæreaktivitetane i området, og fungere som igangsetjar, inspirator og støtte for lokale idear og initiativ. Det skal vere ein nøytral plattform for spørsmål som vedkjem brukarar av naturressursane i landskapet og om berekraftig utvikling. 'Biosfærekontoret' skal og kunne vere ein fagleg ressurs og ein møteplass for ulike disiplinar der ein kan finne gode løysingar på felles utfordringar.

 

7.   Kva kan ein status som eit UNESCO biosfæreområde bety for Nordhordland?
Å få status som eit biosfæreområde kjem ikkje med eitt ferdig sett av fordelar og planlagde aktivitetar, men gjev kvart område mogelegheit til å bidra internasjonalt med sine kvalitetar og lokale løysingar til kva berekraftig utvikling vil seie i praksis Kommunane ser at statusen gjev ein unik mogelegheit til å gje eit heilskapleg fokus, koordinering av aktivitetar, høve til meir forsking, internasjonalt samarbeid og utvikling i Nordhordland. Summen av dette kan bli eit internasjonalt anerkjent og bransjeoverskridande kvalitetsstempel på heile regionen innan berekraft.

  • Heilskapleg SAMFUNNSUTVIKLING: I arbeidet med å fremme Nordhordland sitt kandidatur til å bli ein UNESCO biosfæreområde har eitt av motiva vore mogelegheita denne statusen gjev regionen til å få ein samla, heilskapleg og berekraftig samfunnsutvikling. Kommunane har lagt vekt på at statusen vert som ein overbyggjande paraply for tiltak som ein set i verk i regionen for framtida som vil leggje føringar for dei val som regionen skal ta. Ein skal leggje vekt på den rette balansen for å fremme økonomisk utvikling, ta vare på ressursane våre, det biologiske mangfaldet og regionen sine kulturelle verdiar.
  • FORSKING: Å vere pådrivar for kunnskapsdreven utvikling i tett dialog og samarbeid med forskingsinstitusjonar står sentralt i alle biosfæreområder. Nordhordland har ein sterk samarbeidspartnar i Universitetet i Bergen som har vore med i dette arbeidet frå starten. UiB har fått ein UNESCO-Chair som mellom anna skal koordinere forsking i området og initiere ny forsking. Nordhordland vil bruke denne statusen til å vere eit attraktivt område for forskarar å hente ny kunnskap. Nordhordland må leggje til rette for dialog mellom kommunane, næringslivet og forskingsmiljøa for å inititere ny forsking og sikre rett og god kunnskap inn til regionen.
  • OMDØMME OG NÆRINGSUTVIKLING: Å ha status som eit UNESCO biosfæreområde vil gje Nordhordland eit stempel som ein region som tek særskild ansvar for ein berekraftig framtid. Nordhordland vil bruke dette til å tiltrekke oss næringsliv med same fokus for å få eit variert næringsliv i regionen som er godt rusta for framtida. Særs mange biosfæreområder, spesielt i Europa, har lukkast med å utvikle turisme og ei sterk reiselivsnæring. Dette kan vere ei satsing i Nordhordland óg. Vidare er det naturleg å bruke ei slik status i omdømmebygginga av regionen.
  • DEL AV INTERNASJONALT NETTVERK: Det finst nærare 700 biosfæreområder i verda og det går føre seg utstrakt kunnskaps- og erfaringsutveksling mellom desse på mange ulike plan. Nordhordland får no mogelegheit til å nytte seg av dette store nettverket, finne internasjonale samarbeidspartnarar og ta del i internasjonale prosjekt som tener regionen.
  • STOLTHEIT: Nordhordland vil kunne bruke denne statusen til å løfte fram alle ressursane i regionen og fremme bevisstheit, stoltheit og glede kring alle dei gode kvalitetane vi har å by på.

 

8.   Forholdet til andre planer
Eit biosfæreområde inneber ingen nye restriksjonar eller lovar. Dei lover og regler som allereie finst i området vil fortsetje å gjelde.

 

9.   Kva områder er valt ut til å representere dei verna områda i Nordhordland?
Alle biosfæreområder må ha verna område innafor grensene. Dette er for å sikre at området er representativt også med ulike naturtypar. I Nordhordland er det over 40 verna område, 4 av desse er plukka ut: Stølsheimen landskapsvernområde, den nasjonale laksefjorden rundt Osterøy, Loneelvi og Lurefjorden marint verneområde.