Berekraftsmåla etter krisa

Tema på Berekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen arrangerar sin årlege SDG (Sustainable Development Goals) konferanse 10., 11. og 12. februar. Her er det eit mylder av spennande workshops og føredrag du kan delta på digitalt. Du finn link til program og påmelding her!

Sjølve konferansen, 11. og 12. februar vert leia av førsteamanuensis Sofie A.E. Høgestøl. Konferansen har som hovudtema mål nr. 10: 'Global ulikskap'. Medan verda har slutta seg til Agenda 2030 og berekraftsmåla, har aukande global ulikskap lenge trua med å spore av framgongen som er gjort så langt. I tillegg har utbruddet av pandemien hatt øydeleggande verknader over heile verda. I erkjenning av denne globale, grunnleggande utfordringa fokuserar konferansen på å takle global ulikskap, relevant for alle måla, for å oppnå ein ny veg for berekraftig utvikling - etter pandemien.

Stort engasjement.JPGDagen før, 10 februar vert 'Day Zero' arrangert. Det er i år eit rekordstort tal av workshops, debattar og presentasjonar som du kan velje mellom å delta på. I løpet av dagen er det tre parallelle sesjonar med totalt 32 ulike tema - her finn du garantert noko som du synes er interessant og spennande!

Her er link til programmet og påmelding

Bildet er frå Day Zero 2020, då Nordhordland UNESCO biosfæreområde hadde ein eigen workshop. Det har vi diverre ikkje i år.

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg