IMG_1068

Biosfæreprosjektet på NRK Radio

No kan du høyre om Biosfæreprosjektet på radio! I programmet 'Naturens verden' i NRK P1 var dette hovudinnslaget i sendinga som var på søndag 24. september

Du finn lenka her!

Programmet 'Naturens verden' sendte søndag 24. september frå Solendfjellet på Radøy. Temaet for programmet var Nordhordland som menneske- og bisofæreområde. Vi fekk lov til å bruke mesteparten av programmet til å fortelje om denne spennande satsinga i Nordhordland der vi fekk fortalt kva "Mennesket og Biosfæren"- programmet til UNESCO er, og kva det vil bety for regionen vår. Du får høyre den kjende radiostemma Monika Blikås i samtale med ordførar på Radøy, Jon Askeland, Peter Emil Kaland, Universitetet i Bergen , Kari Evensen Natland og Kjersti Isdal, begge frå Nordhordland Utviklingsselskap.

Vi tok opptaket på Solendfjellet med god utsikt i alle retninger i Nordhordland. I tillegg til at vi fekk fortalt om alle Nordhordland sine gode kvalitetar og føresetnader for å bli eit modellområde for berekraftig utvikling, tende vi bål og serverte lokale godbiter.

Høyr oss på radio, då vel!

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg