Eit internasjonalt nettverk

Kort om UNESCO sitt 'Man & Biosphere' (MAB) Program

Dei fleste kjenner til UNESCO si verdsarvliste, og Norge har fleire stader med verdsarvstatus. Men omgrepet biosfæreområde er ikkje så kjent i Norge. UNESCO sitt «Man and the Biosphere» (MAB)program er godt utvikla i nabolanda våre, og er meir aktuelt enn nokon gong, sett i lys av dei miljøutfordringane verda står ovanfor i dag.

Eit biosfæreområde er eit avgrensa geografisk demonstrasjonsområde der ein legg til rette for berekraftig utvikling. Målet er å oppnå ein meir berekraftig balanse mellom å ta vare på biologisk mangfald og naturressursar, fremje økonomisk utvikling og sikra ei god samfunnsutvikling ved samarbeid mellom lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forskingsinstitusjonar.

unesco bilde mab.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva krav stiller UNESCO til eit biosfæreområde?
Eit biosfæreområde skal ha høge natur- og kulturverdiar og eit visst innhald av verna område. Området skal vere representativt for eit større landskap- og/eller marint område slik at resultata frå biosfæresatsinga kan overførast. Biosfæreområda skal for dette formål utvikle innovative metodar for berekraftig utvikling, teste dei og dele resultata nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet krev nært samarbeid mellom interessegruppene i lokalsamfunnet og positivt engasjement frå forskingsinstitusjonar og forvaltingsstyresmakter.

Ordet biosfære referer til alt på land, i vatn og i atmosfæren som opprettheld livet på jorda. Kvart biosfæreområde demonstrerer praktiske tiltak for å få ein betre berekraftig bruk av ressursane. Dei er føregangsområde for samfunnsbaserte initiativ som tryggjar vårt naturlege miljø samtidig som ein sikrar sunn økonomisk vekst.

Biosfæreområda sitt viktigaste verkemiddel er dialog mellom samfunnsaktørane i lokalsamfunnet, og erfaringane verda over viser at dette arbeidet gjev gode resultat. Mange biosfæreområde er dyktige til å fremje lokal identitet og produkt, noko som bidrar til at befolkninga er stolt over sitt område.

Ikkje nye verneområde
UNESCO krev at eit biosfæreområde skal ha ei viss mengde verneområde. I praksis betyr det at ein brukar dei verneområda som allereie finst i området. Biosfæreområdet fører altså ikkje til nye verneområde, og endrar heller ikkje på innbyggarane sine rettar i høve til sine eigedomar.

Ettersom biosfæreområda skal følgje med i endring i samfunns- og miljøforhold over tid, vil og hovudfokus kunne endre seg i pakt med tida. Men felles for alle biosfæreområde er at dei skal arbeide med dei tre funksjonane; utvikle lokalsamfunnets berekraft, ivareta biologisk mangfald, naturressursar og kulturarv, og støtte kunnskap og praksis. Innafor alle biosfæreområda skal det dessutan finnast kjerneområde (natur- og kulturvernområde), og buffersoner (frivillig ivaretaking, eks. museumsdrift). Alt anna areal vert kalla utviklingsområde.

Stort internasjonalt nettverk
Det finst 251 biosfæreområder i verda. I Europa er det 237 biosfæreområder i 34 land. Det finst 5 biosfæreområder i Sverige og 2 i Finland. I Norge finst det ingen, så det ligg an til at Nordhordland vert det første internasjonale modellområdet for berekraftig utvikling i landet.

Sjå UNESCO sin nettstad for MAB-programmet her

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg