Fersk rettleiar om jordmassehandtering!

Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda!

Forsidebilde.png

 

Region Nordhordland er stolte av å presentere rettleiaren som prosjektgruppa har jobba med det siste året;

"Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda"

 


 

 

Den erfaringsbaserte rettleiaren for offentleg forvaltning byggjer på innspel frå ulike fagfelt i Nordhordlandsregionen, frå Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland, og dei lovverk og føresegner som ligg til grunn i offentleg forvaltning. Oppmodinga er tydeleg: Vær i forkant og tenk massehandtering så tidleg som mogleg i utbyggingsarbeid!

Det er mange omsyn og interesser som skal ivaretakast når ein har overskotsmassar som må omplasserast. Den vanskelege vurderinga for sakshandsamaren er ofte kva lovverk saka skal handsamast etter. I saker som omhandlar massehandtering er det mellom anna viktig å vurdere landbruk og samfunnsnytten, kulturminner og kulturmiljø, naturmangfald, forureining, nærmiljø og tryggleik. Rettleiaren skal kunne brukast som eit oppslagsverk for alle dei vurderingane ein må gjere i saker der omplassering av jord- og steinmassar er tema. 

Rettleiaren er eit av fleire tiltak i prosjektet med same tittel, og er finansiert med skjønsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland, klimatiltaksmidlar frå Hordaland fylkeskommune og omfattande eigeninnsats i kommunane i Nordhordland. Rådmannsutvalet i Nordhordland har vore styringsgruppe og prosjektet er eigd av Nordhordland Utviklingsselskap IKS (Region Nordhordland). Prosjektleiar har vore Tonje Husum Aarland (Nordhordland Utviklingsselskap IKS). Arbeidsgruppa har bestått av Laila Bjørge og Marius Flemmen Knudsen (kommunane Meland og Modalen), Asbjørn Nagell Toft (Austrheim kommune) og Kjartan Nyhammer (Lindås kommune). Prosjektet har også hatt ei handplukka referansegruppe med brei fagkompetanse: gardbrukar og entreprenør frå Nordhordland, landbruksrådgjevarar, juristar og rådgjevarar frå kommunane, Norsk Landbruksrådgiving, Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Prosjektgruppa takkar for oppdraget og hjelp frå alle som har delt av sin kunnskap og erfaring, og håper at du som sakshandsamar finn god hjelp og støtte i rettleiaren!

004.JPG

Last ned rettleiaren her: "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda"
eller ta kontakt med Tonje Husum Aarland (tonje@nordhordland.net) dersom du ønskjer den i papirutgåve.

Les meir om prosjektet her.

Tips ein ven Skriv ut
Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Nordhordland luftbilde

Nordhordlandsangen - av Bjarte Leithaug

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg