Høyringsutkast: Strategi for Nordhordland UNESCO Biosfæreområde 2020 - 2024

Gje innspel innan 15. juni 2020

Strategidokumentet peiker på mål, fokusområda og strategiane som biosfæreområdet skal arbeide etter dei neste 4 åra. Vi ønskjer oss innspel til dokumentet, kva meiner du er dei viktigaste prioriteringane for Nordhordland? 

Forside strategi 2.JPG

Føremålet med strategidokumentet er å gje biosfæreområdet ein god plan for arbeidet til eit breitt engasjement for berekraftig utvikling. Dokumentet er tufta på FN sine berekraftsmål og UNESCO sine plandokument for MAB-programmet (Menneske og biosfæren). Strategien skal vere til inspirasjon og bruk for kommunane, næringsliv, lag / organisasjonar og innbyggjarane som ønskjer å slutte opp om målsettinga: Nordhordland UNESCO Biosfæreområde skal byggje på det beste frå fortida og leggje til rette for ei framtid som sikrar berekraftig bruk av alle ressursane i samfunnet - til nytte og glede for folk i dag og for kommande generasjonar.

 

 

Det er peika ut 5 satsingsområde som skal bidra til å nå målet:Satsingsområder norsk bruk denne.PNG

 

 

 

 

 

 

 

Handlingsprogrammet visar ulike tiltak til kvart av satsingsområda med oppmoding om lokale initiativ rundt om i biosfæreområdet. Handlingsprogrammet skal rullerast etter to år.

Alle innspel til strategidokumentet og handlingsprogrammet er velkommen. Vi ber høyringspartane om å vere særleg merksam på:

  • Visjon og hovudmålsetting
  • Satsingsområda, strategiar og tiltak
  • Kva satsingsområde / tiltak bør særskild bli prioritert den komande 2-års perioden?
  • Planen som verktøy for samhandling i biosfæreområdet

Vi oppmoder alle høyringspartar om å nytte høve til å gje uttale til strategidokumentet og handlingsprogrammet. Innspela vi får inn vert handsama til det endelege strategidokumentet som skal handsamast i Regionrådet. 

Du kan lese heile dokumentet HERmen vi har òg laga ein online-versjon: den er noko kortare og du kan gje direkte tilbakemelding frå den! Enklare kan det kanskje ikkje bli? Du finn den HER.

Vi ser fram til å motta gode innspel som skal kvalitetssikre strategidokumentet - frist er sett til 15. juni 2020.

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg