Foto: NGIR
Foto: NGIR

Kompostering

Den beste jorda lagar du sjølv!

No er hagesesongen godt i gang, sjølv om det har vore litt kaldt i veret. Og det er no vi oppdagar det: vi treng meir jord og gjødsel – i bedet, i pallekarmane og i krukkene. Då er dei heldige dei som har laga god kompostjord sjølv som dei kan nytte. Om du vil i gong med kompostering deler vi tips og råd her! Artikkelen er skrive i samarbeid med NGIR.

Kvifor kompostere?

Vel, i følgje dei fleste hageentusiastar skal ein kompostere fordi det er enkelt, nyttig og gøy! Det gjev ei fin kjensle av å ha full kontroll på eit godt, naturleg og ‘reint’ jordsmonn i hagen. Miljøaktivisten vil peike på miljøfordelane: matavfall, planter og anna biologisk avfall utgjer ca 35% av vekta til det samla bosset vårt i eit vanleg hushald. Om vi komposterer sjølv sørgjer vi for at verdifulle ressursar i matavfallet blir verande i krinsløpet og vi sparar miljøet for unødig transportforureining.  

Så med litt eigeninnsats får du altså eit fantastisk jordforbetringsmiddel i hagen og du tek vare på miljøet.

NGIR tilbyr redusert renovasjonsgebyr til dei som komposterer. Alle renovasjonsselskapa har eit godt tilbod og god informasjon for deg som vil kompostere sjølv, men tilboda varierer noko. Om du bur i Øygarden kommune så les om ØyVAR sitt komposteringstilbod her. Bur du i Osterøy eller Vaksdal kommune, les om BIR sitt komposteringstilbod her

 

Kompostbinge og utstyr

NGIR låner ut godkjend varmkompostbinge og bøtte med bioposar får du òg.  I tillegg er det greitt å ha ei greip for å røre rundt i komposten og godt strø til å blande i. Strø får du på gjenbruksstasjonane (eller på teknisk avdeling i kommunane som ikkje har gjenbruksstasjon).

Kompostbingen bør stå på fast, men drenert underlag. Plasser bingen å ein praktisk stad for deg, lett tilgjengeleg i hagen.

 

Kom i gong

Legg ca 20 cm med kvistar, lyng eller einer. Press det lett saman og legg oppå nokre ark avispapir. Så strør du over eit lag med grov, tørr strø (flis). Så enkelt er det, og vips – så er du i gong!

 

Kompostering

No er det berre å fylle på! Det gjer du best ved å vende litt i komposten med ei greip, og lage ei grop i midten som du kastar avfallet i. Jamn det til og dryss over strø.  Om vinteren må du bruke innerloket på komposten, men det er ikkje lurt å gjere om sommaren- då kan det bli for varmt. Du må røre i komposten kvar gong du fyller på (berre det øvste laget, kring 20-30 cm) og minimum kvar 14. dag.

 

Kva kan du kompostere?

Det meste av biologisk materiale kan komposterast. Det er enklare å peike på kva som ikkje skal vere i kompostbingen:

  • Store kjøtbein
  • Kattesand og støvsugarposar
  • Oske og kalk
  • Stoff som er giftige og som ikkje kan brytast ned

 

Kompostbingen er full!

Matavfallet vert bryte ned i løpet av nokre månader – men vent med å tømme til bingen er heilt full. Då fjernar du den lause delen på bingeveggen. Det øvste laget (kanskje kring 20 cm – dette vil du sjå som det laget som ikkje er ferdig kompostert) sparar du ved å legge til sides medan du tek ut råkomposten. Spyl bingen og start opp igjen på same måte med kvist, avispapir og strø – og legg på plass igjen topplaget som du la til sides. Klar til ny ‘sesong’!kompostering.jpg

 

Ferdig kompost

Råkomposten skal du no leggje til modning, som du gjer enkelt ved å leggje den i ein haug med presenning over. La den liggje slik i 6 til 8 månader, då er du sikker på at nedbrytinga er heilt ferdig og den er klar. Med andre ord så er hausten ein fin tid til å tømme kompostbingen, då har du kompostjord klar til bruk på våren.

Til plantejord: 1 del kompost og 5 delar mager jord / torv

Til jordforbetring og gjødsel: 3-10 l kompostjord pr kubikkmeter i overflata.

 

NGIR har laga ei veldig grei handbok for kompostering – der kan du òg lese om korleis du kan løyse problem som kan oppstå undervegs.
Du finn handboka her.

Er du klar? Lukke til med komposteringa 😊

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg