Nordhordland biosfæreområde på den store berekraftskonferansen 'SDG Bergen 20' ved UiB

Eigen workshop på 'Day Zero'

Onsdag 5 februar inviterar UNESCO-Chair Inger Måren til workshop i samband med Universitetet i Bergen sin berekraftkonferanse. Tema: «Nordhordland UNESCO Biosfæreområde som arena for berekraftig utvikling»

Inger måren.jpgOm temnaet seier Inger Måren: Vi les dagleg i media om klimaendringar, tap av urørt natur og biologisk mangfald, erosjon, havforureining og overhausting. Skjer dette også her heime? For å nå FNs Agenda 2030 - ein handlingsplan for menneske, jorda og vår velferd - må vi stimulere til ny kunnskapsutvikling ved å kople lokale initiativ til nasjonale og internasjonale strategiar, og ved å sjå menneske og natur i samanheng. Vi treng å endre måten vi lever på: Korleis vi produserer, forbrukar ressursar og samhandlar med kvarandre – i samspel med naturen. Og vi må handle no! Kva tyder i praksis berekraftig utvikling for kommunar, bedrifter, privatpersonar og lokalsamfunn i vår region?

PROGRAM
Korte innleiingar ved:

  • Tora Aasland, leiar for den norske UNESCO-kommisjonen
  • Lene Conradi, ordførar i Asker kommune
  • Sara Sekkingstad, ordførar i Alver kommune

Resten av tida vil vi diskutera lokal berekraft i det nyutnemnde Nordhordland UNESCO Biosfæreområde, fordelt på tre tema. Vi inviterer folk i regionen, studentar og ekspertar innan dei
berekraftsmåla som er knytt mot berekraftig areal- og ressursforvalting til å diskutere kva for mogelegheiter og utfordringar som er mest presserande fordelt på desse tre temaene:

  1. Kommunane si rolle i å sørgje for berekraftig utvikling
  2. Berekraftig hav
  3. Berekraftig land

Saman vil vi diskutere mogelegheitene og utfordringane for berekraftig utvikling i Nordhordland – den framtida vi ønskjer. Hovudpunkta frå diskusjonane vil bli samanfatta i ein populærvitskapleg artikkel som vil bli publisert i nasjonale media.


Stad:          «Storelogen», Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrres gate 49, 5015 Bergen
Arrangør:   UNESCO Chair ved UiB i samarbeid med Den norske UNESCO-kommisjonen, Nordhordland UNESCO Biosfæreområde og FN-sambandet

Er dette interessant for deg så er du hjarteleg velkomen til å diskutere framtida i Nordhordland! Då må du melde deg på til innan 29. januar til inger.maaren@uib.no  Ved påmelding må du òg gje melding om kva diskusjonsbord du vil vere del av.

Du kan lese om UiB sin "SDG Bergen 20 Conference" her
 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg