Laksegilje kleiveland

Opning av laksegiljene på Askildneset i Osterfjorden

Etter eit nitidig og grundig restaureringsarbeidarbeid er det klart for opning og omvising på nokre av laksegiljene langs Osterfjorden, laurdag 19. august. Ver med på festen 'Ta fjorden tilbake'! Arrangørar: Ta fjorden tilbake AS og Osterøy Reiselivslag.

Fleire av gardsbruka langs Osterfjorden har lange tradisjonar med laksefiske med sitjenot og gilje. Dette var ei viktig attåtnæring for bonden. "Nøvæ" og "Idnapå" på Askildneset på Kleiveland (Osterøy) var to av dei beste fiskeplassane for sitjenot. Entusiastane på Kleiveland gard har fått midler og  er no ferdig med restaureringearbeidet. Dei har tatt vare på alt av sitjenøter, båter og alt utstyret til dette fisket og kunnskapen er framleis inntakt.

No vert det opning på laurdag der dei inviterer heile Nordhordland til fest! Nytt sjansen til å lære meir om denne eineståande tradisjonen i regionen vår - ta ein tur på fjorden på laurdag 19. august!

Her kan du lese Programmet som startar klokka 12.00.

D/S Oster går frå Ostereidet kl. 11.00. Les ruta her. Denne er no fulltegna.

M/S Bruvik går frå Bergen 09.30, Frekhaug 10.05, Salhus 10.15, Knarvik 10.30, Hamre 10.45 og Tysse 11.30 (NB:Tysse er kome til ekstra fordi D/S Oster er fulltegna!) Les ruta her.

Tinging av billettar her.

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg