Rapport frå konferanse om berekraftig reiseliv

Første veka i februar arrangerte nettverket SHAPE, som Nordhordland er ein del av, ein konferanse om berekraftig reiseliv. Konferansen fann stad i Joensuu, Finland, i biosfæreområdet Nord-Karelia. Konferansen markerte avslutninga til SHAPE-samabeidet og Nordhordland kunne presentere 'Ullruta' som vi har utvikla i lag med lokale aktørar her og Visit Bergen.

SHAPE konferanse.jpgMeir enn 70 deltakarar frå heile Europa var samla for å diskutere erfaringane våre med å utvikle konkrete produkt innan berekraftig reiseliv, og korleis ein kan bruke desse erfaringane for det vidare arbeidet i utviklinga av eit berekraftig reiseliv. 

Gjennom nettverket SHAPE har vi dei siste tre åra fokusert på praktiske måtar å utvikle berekraftig turisme i landlege område rike på natur- og kulturressursar. Vi har hatt som mål å utvikle berekraftig turisme som skapar lokal økonomisk verdi og på same tid bevarer og styrkar dei naturlege og kulturelle ressursane den er avhengig av. Nordhordland vil framover leggje vekt på å oppretthalde  partnarskapen i nettverket - både det vi har tatt del i internasjonalt og det vi har vore med å utvikle her lokalt i biosfæreområdet. 

SHAPE workshop.jpgKonferansen tok føre seg perspektiv og funn frå SHAPE, dette vart presentert under første  del av konferansen. Desse temaene vart fulgt opp med ein rekke tematiske workshops der deltakarane vart invitert til å presentere eigne erfaringar og synspunkt. Diskusjonane framheva innovative tilnærmingar og beste praksis, og utforska mogelegheiter for framtidig internasjonalt samarbeid om berekraftig turisme.

 

For oppsummering og informasjon om konferansen, bla gjennom programmet og presentasjonane her! Bilde av presentasjonane og aktivitetane er samla i dette bildegalleriet på SHAPE Facebook-sida.

 

 

 

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg