Smaken av Nordhordland - ei satsing på lokalmat i Region Nordhordland

Smaken av Nordhordland er eit prosjekt i regi av Region Nordhordland og UNESCO biosfæresatsinga, som set eit etterlengta fokus på lokalmat frå vår region. Prosjektet starta opp i fjor haust, og skal vere ein samlande og støttande part for aktørar  som forvaltar og distribuerer lokalmat frå Nordhordland.

Prosjektet har i 2018 hatt to samlingar kor ein har satt fokus på kompetanseheving innan Mattryggleik, samt at ein har samla produsentar og salsledd for å bygge samarbeid og nettverk.  Prosjektet har fått mykje finansiell støtte frå Hordland Fylkeskommune for å drifte dette prosjektet fram på det nivået som det er i dag. Vidare har prosjektet koordinert og delfinansiert ein stor fellestand på Bergen Matfestival, kor 9 lokalmatprodusentane – og reiselivsbedriftene stod i lag for å promotere seg sjølv og Nordhordland som matregion.

 

Foto: Maya Riise  

 

«Formålet med å opprette eit slikt prosjekt og eit slikt satsingsfelt er å skape eit engasjement rundt lokalmat, og havbruk og landbruk som ressurs. Det er viktig å satse på denne næringa og sjå på moglegheitene som finnast innanfor landbruket og havbruk, og ikkje minst sjå dette i samband med t.d. resiveliv, historie, tradisjon og kunnskapsformidling om dei gamle mattradisjonar frå vår region», fortel prosjektleiar Hildegunn Opdal. Vi har som mål om å bidra til kompetanseheving, ha ei felles merkevarebygging og styrke nettverk og samarbeid blant lokalmataktørane i Nordhordland.

Bergen Matfestival er eit godt eksempel på dei to sist nemnte, noko som også aktørane sjølv påpeiker.  Kjersti Linn Hopland frå Ikeland Gard fortel dette om å stå på ein felles stand  frå Nordhordland: "Eg synes det er bra at me er samla under ein fellesstand fordi det gjev meir fokus på heile regionen. Håpet er at det vil synleggjera mangfaldet av lokalmat i vår region. Samtidig er det sosialt og kjekt å vera samla på ein plass".

 

Smaken av Nordhordland driv i desse dagar å sett opp program for 2019.  Nokon av planane for 2019 er kurs i prissetting ved Matmerk, økonomikurs for nybegynnarar, utvikle Nordhordlands menyen, stort lokalmat markand under opninga til Biosfæresatsinga, utvikle heimeside og logo, samling for bønder og fiskarar m.m. Vi set pris på alle som vil vere med i prosjektet, og veit du om personar som har starta for seg sjølv eller driv innanfor lokalmat, så tek me gjerne i mot tips. Send mail til: hildegunn@gmnh.no.

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg