Foto: Kari Evensen Natland

Foto: Kari Evensen Natland

Sykkelservice og sykkelstrategi i Alver kommune

Invitasjon til å gje innspel

Sykkel er eit sunt og miljøvenleg framkomstmiddel. No utarbeider Alver kommune ein sykkelstrategi for å leggje betre tilrette for kvardagssykling. Dei inviterar til gratis sykkelservice og håpar på mange gode innspel til strategiarbeidet.

På sykkelservicedagane ønskjer kommunen å skape meir engasjement kring sykling og bidra til av fleire syklar meir i Alver. Det er nemleg målet til sykkelstrategien som er under utarbeiding. Sykkelstrategien er del av kunnskapsgrunnlaget til kommuneplanen sin samfunnsdel. Så er du ein som syklar, eller har lyst til å sykle meir, eller har ei meining om saka så nytt høve og gje Alver kommune innspel til strategien. For å få i gong dette arbeidet har dei motteke delfinansiering frå Vestland Fylke og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Gratis sykkelservice!

Har du ein sykkel som har blitt ståande og støve ned, eller som treng litt kjærleik? Her kan du få hjelp:

Knarvik: 21. september kl. 14-17 – Knarvik senter *)
Frekhaug: 29. september kl. 17-19 – Den gamle brannstasjonen mellom kommunehuset og barnehagen
Manger: 30. september kl. 17-19 – Radøy ungdomsskule
Lindås: 01. oktober kl. 17-19 – Lindås barneskule

Kva kan du få hjelp til?
Treng du å få justert bremser og gir, eller kanskje smørje kjeda? Møt opp og få sykkelen i stand. Ein proff mekanikar utfører enkel service på sykkelen din – heilt gratis! Vi utfører ein enkel service, ikkje reparasjonar.

*) På arrangementet i Knarvik er det Miljøløftet som tilbyr gratis sykkelservice i samband med den Europeiske mobilitetsveka. Kommunen er også representerte, for å prate om sykkel med innbyggjarane og for å få innspel.

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg