Veke 18 er årets Strandryddeuke!

"Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt!"

Frå måndag 29. april og fram til søndag 5. mai er det ryddeaksjon. Titusenvis av frivillige ryddar strender, øyar, holmar, bekkar, elvar, innsjøar, og til og med havbotnen!

Strandryddeuka er ein landsomfattande ryddeaksjon av Norges strender, ein felles dugnad der alle kan bidra. Tiltaket, som starta med Strandryddedagen i 2011, er initiert av den ideelle organisasjonen Hold Norge Rent. Hold Norge Rent sine hovudmål er å førebyggje forsøpling, engasjere offentleg, privat og frivillig sektor i arbeidet mot forsøpling, mobilisere frivillige til opprydding av herrelaust avfall, og å levere kunnskap om forsøpling. Gutt i fjæra

I Nordhordland kan ein ta kontakt med NGIR for registrering og å levera avfallet gratis. Der kan ein òg få eigne sekkar og hanskar til strandryddinga.
Les meir på NGIR sine sider om strandrydding og registrer ryddeaksjon i Nordhordlandskart.no

På Ryddeportalen til Hold Norge Rent kan ein melde seg på den nasjonale aksjonen og/eller dele informasjon om kva ein har gjort. Her kan ein også finne kor ein kan få gratis ryddeutstyr andre stadar og sjå kor det er planlagte aksjonar i heile Norge. 

Strandryddeuka 2019 er delt inn i ulike temadagar:
​Måndag 29. april:  Skuler og barnehagar
​Tysdag 30. april:    Båtfolketsdag
​Onsdag 1. mai:       #5forhvalen
​Torsdag 2. mai:      "Rydd med jobben" - din bedrift rydder
​Fredag 3. mai:        Dykkeaksjonar og vasseaksjonar
​Laurdag 4. mai:      Strandryddedagen!
​Sundag 5. mai:       Mikroplast og småplast

Bli med på årets største kollektive ryddedugnad du også! 

 

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg