REIDAR LANGKJAER
Foto: Anders Eidsnes

Vi ønskjer alle ei riktig God Jul <3

Prosjektåret 2018 er på hell og vi oppsummerar året!

Vi i biosfæreprosjektet har mykje å glede oss over frå året som no er på tampen. 2018 vil vere året som tok alle ressursar og dei siste krefter for å få søknaden gjennom alle instansar før den vart sendt til UNESCO. Det å ha lukkast med dette betyr at det no berre er ein godkjenningsinstans igjen: UNESCO i Paris!

Å etablere det første UNESCO biosfæreområdet i Norge er nybrottsarbeid og Nordhordland har brøyta veg for andre område som ønskjer denne statusen. Det har vore inspirerande, men det kostar å vere først ute, så året har vore særs aktivt og arbeidskrevjande på mange frontar.

Søknadsarbeidet har stått i sentrum, men lokalt prosjektarbeid har vorte ein stadig viktigare del av arbeidet. Vi håper det visar at vi kan fungere som eit godt og mangfaldig biosfæreområde.

Lokalmatsatsinga arrangerte for første gong felles stand under Bergen Matfestival, noko som var ein milepæl for oss og, vågar vi å seie, også ein suksess. Prosjektet for å fremje næringsutvikling knytt til ull i regionen har vore på Shetland og blitt inspirert. Klarar vi i Nordhordland å løfte norsk ull til å bli like ein like suksessfull næringsveg som Shetland har klart med Shetland Wool?

Dei to prosjekta er knytt saman i eit internasjonalt reiselivsprosjekt Nordhordland er partnar i. Her arbeidast det med å kunne lansere ‘Ullruta’ frå neste sumar. Det er ein organisert rundtur spekka med opplevingar knytt til ull – frå sau til strikk, kulturlandskap og handverk og ikkje minst gode lokalmatsmakar.

Samarbeidet med Universitetet i Bergen er svært godt. Dei har etablert noko som kallast ein «UNESCO Chair». Det er eit professorat som skal jobbe tverrfagleg med berekraftig utvikling. MAB-programmet og Nordhordland biosfæreområde er heilt sentralt i satsinga, og Inger Måren, som har fått stillinga, har gått inn som fast medlem i arbeidsgruppa for biosfæreområdet.

For biosfæresatsinga er 2019 forventinganes år. Det er året der vi vonleg får den endelege offisielle statusen frå UNESCO, og med det året der vi skal ta til på det viktigaste arbeidet; nemleg å fungere som eit biosfæreområde!

Som tidlegare har prosjektet fått mykje god hjelp og støtte.  Det hadde vi aldri klart oss utan. Vi vil difor takke kommunane, styringsgruppa, samarbeidspartnarar og sponsorar for arbeidet som er lagt ned i 2018. Vi går inn i det nye året med stor entusiasme og pågangsmot.

Vi ønskjer alle ei riktig God Jul og ser fram til eit spennade 2019.

På vegne av arbeidsgruppa i Biosfæreprosjektet
Beste helsing,

Kari Evensen Natland

 

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg