Vi skal lokke fleire turistar til Nordhordland med Ullruta!

Ny brosjyre for sommaren 2019

Nordhordland har lange tradisjonar og mykje spanande å vise fram. No skal  kulturskattane i regionen bli lettare tilgjengelege. Gjennom ei reise i regionen skal besøkande få oppleve alt som har med sau og ull å gjere – frå gardar som held gamle tradisjonar i hevd til besøk på verksemder der du kan lære om karding, veving og strikking. Sal av tradisjonsmat og av ull-produkt vert ein viktig del av tilbodet.

Hillesvåg_029_ Iben genser.jpg
Iben gensar, Hillesvåg Ullvarefabrikk

Det er Nordhordland Utviklingsselskap, i kraft av Biosfæreprosjektet, og Visit Bergen som står bak satsinga. - Ullruta skal løfte kunnskapen om ull, handverka og maten vi får frå sauen. Den rettar seg inn både mot norske og utanlandske tilreisande, seier Kjersti Isdal i Nordhordland Utviklingsselskap, som ikkje minst håper mange bergensarar vil nytte tilbodet. Last ned brosjyra her.

Må fremme kulturarven

Innovasjon Norge har undersøkt kva dei utanlandske turistane vil ha når dei besøker Norge. Flott natur kjem høgt opp, men turistane er meir usikker på historie og kulturarv. – Dei kjenner til Bryggen i Bergen og til Trollhaugen, men vi har så mykje meir å vise fram, seier Frode Nergaard Fjeldstad i Visit Bergen. Derfor er satsinga i Nordhordland viktig. – Her fokuserer vi på heilt sentrale verdiar i regionen, og gjer dei til kjernen i tilbodet. Eg trur vi har svært mykje å hente på å synleggjere kulturarven vår, seier han.

Ei komplett historie om ull

Salhus_Tove Lise Mossestad.jpeg
Salhus Trikotasjemuseum. Foto: Tove Lise Mossestad

Første steg er ei brosjyre som no er klar. Teksten er både på norsk og på engelsk. – Regionen vår kan fortelje ei komplett historie knytt til ull. Alt frå dei verneverdige kystlyngheiene, handverka, industrieventyret, til dei moderne merkevarene som framleis produserer kvalitetsprodukt av ull i Noreg, seier Frode Fjeldstad. Verksemdene vert presentert i brosjyren og er kategorisert i museum, fabrikk og gard. - 

Helene og lam.JPG
Helene Sollid på Gripen Gard. Foto: Kjersti Isdal

Vi har òg laga tre digitale kart for Ullruta, slik at den som les brosjyren kan utforske meir på digitale kanalar, forteljar han.

Strikkeoppskrift frå Havråtunet

simo-leist.2.jpg
Simoleisten , oppskrift frå Osterøy Museum

Dei som følger Ullruta kan få smake lokale spesialitetar og kjøpe med seg ulike produkt som er laga av ull. – Men vi ønskjer óg å inspirere folk lære noko nytt og har difor har tatt med ei strikkeoppskrift frå Osterøy, seier Isdal. Historia er henta frå Osterøy museum, Simoleisten, oppskrift frå Osterøy Museum

og er ei oppskrift på Simo-leisten - ein barnesokk funnen på Havråtunet. Folk før i tida tok vare på plagga sine, reparerte og strikka på nytt når dei fekk hol. – Historia viser at ull er eit berekraftig og sterkt naturprodukt, seier Kjersti Isdal.

 

 

 

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg