WEBINAR: Bli meir synleg på sosiale media!

Smak av Nordhordland tilbyr eit digitalt kurs 27. oktober for korleis ein kan oppnå meir synlegheit og sal via sosiale media! Kurshaldar Elise Landa har lang erfaring i korleis ein kan byggje opp eit solid, digitalt omdømme!


Smak av Nordhordland inviterer til
webinar 27.oktober kl. 09.00 - 10.30. 
Foto: Tobby SanderHer vil kurshaldar, Elise Landa, vise deg sine tips og triks til korleis du kan oppnå større synlegheit og korleis du kan bruke historieforteljing som verkemiddel i sosiale media. Landa er ein samfunnsengasjert omdømmebyggar med fokus på synlegheit og kommunikasjon i sosiale media. Ho er oppteken av at du som lokalmatprodusent tar eigarskap over ditt digitale omdømme med historieforteljing som verkemiddel. Elise Landa er rogalendingen som adopterte lokaldialekta frå ein liten by i Vestfold, har stort hjarte for bygda i Telemark og er oppvaksen på gard rett på utsida av Stavanger sentrum. Landa hjelper årleg fleire titals bedrifter med å bruke sosiale media effektivt, yte utsøkt kundeservice i digitale kanalar og å jobbe strategisk med synlegheit og historieforteljing.

PRAKTISK INFORMASJON:

Tema: Synlegheit og sal på sosiale media
Tid: Tysdag 27.oktober, klokka: 09.00 - 10.30
Praktisk: Dagen før vil du få tilsendt ei lenke til Webinaret, som du kan trykke på for å kople deg opp.
Kostnad: Medlem i Smak av Nordhordland: GRATIS! er du ikkje medlem er kostnaden 200,- som vert fakturert..
Målgruppe: Lokalmatprodusentar, serveringsstader og reiselivsbedrifter
Kurshaldar: Elise Landa
Påmelding: Meld deg på her!

Smak av Nordhordland håper mange vil delta på dette inspirerande og lærerike Webinaret!  "Ikkje la deg skremme av at samlinga er digital, dette går bra! Pga. Covid19 prøver også vi å reduserer samlingar kor vi møtast fysisk, vi ville med dette prøve å få til noko digitalt - slik at vi sjølv i denne tida kan møtast og lære noko saman!" sier prosjektleiar, Hildegunn Opdal. I etterkant av webinaret vil ho følgje opp deltakarane på temaet.

Meld deg på no, då vel!
Foto: Tobby Sander

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg