M Ñl-3-RGB

FN sitt berekraftmål nr. 3: God helse

Sikre og fremme god helse for alle.

FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Eit biosfæreområde er ein god arena for å implementere Agenda 2030 og FN sine berekraftsmål. For å få det til må vi gjere berekraftsmåla betre kjent, og finne ut korleis vi kan jobbe med dei i regionen vår. I denne artikkelserien presenterer vi berekraftsmåla:

Mål 3: God helse

Etter at tusenårsmåla vart vedtatt har vi sett historiske framskritt innan reduksjon av barnedødeligheit, forbetring av mødres helse og i kampen mot HIV/AIDS, malaria og andre sjukdommar. Det har vore ein global reduksjon i talet barnedødsfall som kan hindrast på over 50 prosent siden 1990. Mødredødeligheiten har blitt redusert med 45 prosent på verdsbasis. Mellom 2000 og 2013 sank andelen nye tilfelle av HIV/AIDS med 30 prosent, og over 6,2 millioner liv vart redda frå malaria.

På tross av den positive framgangen er det framleis seks millioner barn under fem år som døyr kvart år. 16,000 barn døyr kvar dag av sjukdommar som kan hindrast, slik som meslinger og tuberkulose. Daglig døyr hundrevis av kvinner under graviditet eller frå komplikasjonar relatert til fødsel. På landsbygda i utviklingsregioner er det kun ved 56 prosent av fødslane at fagfolk er tilstades. AIDS er no den leiande dødsårsaka blant ungdom i Afrika sør for Sahara, ein region som framleis lir under HIV-epidemien.

Desse dødsfalla kan ein unngå gjennom førebygging og behandling, utdanning, vaksinasjonskampanjar, og seksual- og reproduksjonshelsetenester. Berekraftsmåla forpliktar seg til å gjøre ende på HIV/AIDS, tuberkulose, malaria og andre smittsomme sjukdommar innan 2030. Målet er å oppnå universell tilgang til helsetenester og sørge for at alle har tilgang til trygge og effektive medisiner og vaksiner. Ein viktig del av prosessen går ut på å støtte forsking og utvikling av vaksiner og gje tilgang til rimelege medisinar.

I Norge skal alle kommunar ha ein plan for folkehelse. Folkehelse var og på agendaen under Utkantkonferansen som vart arrangert i Nordhordland 1.april i år. No pågår bygginga av Region Nordhordland Helsehus i Knarvik. Helsehuset i Nordhordland er ei av dei større helsepolitiske samarbeidstiltaka i regionen, og vil vera med å legge rammer for samarbeid og samordning av tenestene til det beste for innbyggjarane i Region Nordhordland.

God helse er eit av de 17 globale bærekraftsmålene som utgjør 2030-agendaen for bærekraftig utvikling. 

Her kan du lese meir om berekraftsmål nr 3: God helse.

Kjelder: www.fn.no, http://www.no.undp.org​, www.norad.no

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg